-Det er kjekt å vere ferdig med skriftleg eksamen og vi har opplevd god støtte frå lærarane, fortel Isak Ekroll. Han og Simon Eksesser går no ut av Vestborg vidaregåande skule på Stranda etter tre år. Dei har i løpet av desse tre åra, i tillegg til skule, fått gå i ei guttegruppe der dei har lært mykje om det å leve som ein kristen. Dei to kameratane har mykje godt å sei om tida på Vestborg i eit intervju på Radio Sunnmøre, og har mange lovord å fortelje om både lærarane, miljøet og læringa.