I snart 16 månader har Bedehuskanalen vore på lufta og Johnn Hardang ser lyst på framtida. For to år sidan var han spent på prosjektet og idag er han takksam for kanalen som er oppe og går. Kanalen har fem regionale tv-baser rundt om i landet, i tillegg til TV12 Mediesenter i Øygarden kommune.

I budsjettarbeidet har kanalen eit årsbudsjett på 15 millioner kroner. I det ligg satelittkostnader, lønsutgifter til ni årsverk, og andre utgifter. For å halde dette budsjettet treng kanalen 1250000 kroner inn kvar månad, og per nå så held kanalen budsjettet. – Dersom denne trenden held fram, så får vi ei drift med større inntekter enn utgifter, seier ansvarleg redaktør Johnn Hardang. Hardang er ikkje bekymra for denne kanalen sin økonomiske framtid.

Bedehuskanalen er fyrst og fremst ein forkynnande kanal og har etablert seg i hovedsak for målgruppa 60+.