I vekas program fortel Elisabeth Emblem at NSP Aid ynskjer å vere slike som er med og ber børene saman med dei fattigaste av dei fattige. Nyleg kom Elisabeth igjen frå ein tur til Afrika, der ho har vore saman med to grupper for å besøke arbeidet NSP Aid er med og driv i Kenya. Eit besøk i barnelandsbyen Malaika Villages og på den nye farmen Malaika Charity Farm var noko av det dei opplevde, og som vi får høyre meir om i vekas program.