For Lydia Schjølberg (20) frå Molde vart det å gå på bibelskule eit naturleg val. Ho har vakse opp i ein kristen heim og på bedehuset i Molde, og dette året går ho på Bildøy bibelskule. Ho fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at ho dette året lærer meir om kva som står i Bibelen og om det ho trur på i den kristne trua. Det er ikkje alle som har moglegheit eller tek valet om eit år på bibelskule, så Schjølberg har stor forståing for at mange forlet trua når dei kjem i ungdommen om dei ikkje får høyre undervisning om kva som står i Bibelen. Ho oppfordrar forsamlingar rundt omkring til å gje god undervisning frå Bibelen, for å gje ei djupare forståing for kva som faktisk står.