Liv Tone Ulstein Brunstad og Anette Iren Myklebust Haram har fått oppleve korleis det er å få born som er født altfor tidleg, og kva kampar som må kjempast på nyfødavdelinga på Ålesund sjukehus.
Samlar inn til nyføddavdelinga
Dei har starta foreininga De små vil også se, for å takke nyfødtavdelinga for hjelpa dei sjølve fekk der. Ulstein Brunstad og Myklebust Harma ynskjer innan 23. desember å ha samla inn 1.1 millionar kroner til eit netthinnekamera til nyføddavdelinga, slik at born som vert fødde alt for tidleg kan få hjelp tidlegare.
Veldedighetskonsert
Denne veka, onsdag og torsdag, vert det arrangert veldedighetskonsertar i Ulstein kyrkje og i Hatlane Idrettshall i Ålesund til inntekt for De små vil også se. Til no er det samla inn ein halv million kroner.
Høyr intervjuet med Liv Tone Ulstein Brunstad her: