– Det er viktig å snakke ekte om ekteskapet, fortel Irene Ludvigsen, familieterapeut og helesejukepleiar ved Danielsen barne -og ungdomsskule. Vi er der i dag at vi tenker at ekteskapet er naturleg og at det ligg nært for oss, men tidene har endra seg. Ho seier det er viktig å starte tidleg å snakke med borna på søndagsskulen om kva Gud tenkte frå skapelsen om mann og kvinne, om ekteskapet og seksualitet. Og heile vegen til ein blir eit par at ein kan opne opp om å snakke om utfordringar og gleder ved eit ekteskap.
– Vi må kunne vere ærlege om at livet er vanskeleg. Vi ser ofte at ein i kristne samanhengar skiller seg utan at venane visste om det, men dei ikkje-kristne venane visste det fordi der kan ein snakke om at det kan vere vanskeleg, seier Ludvigsen.
Høyr heile intervjuet med Irene Ludvigsen, som ynskjer at forsamlingar også tek ekteskapet som tema på møteplanen.