Dugnad skapar samhald og glede. Det er noko av det Marit Stokken Berland sit att med etter at Orreneset Misjonssenter feira 40 år i helga. Det var i fylgje Stokken Berland fullt hus og god stemning då vener av Orreneset var samla til møte, god mat og gode samtaler søndag den 20. august.