Sal og høg inntekt var drivkrafta til Gunnar Hamnøy i fleire år. Det var kona og ein tur til Afrika som var med å endre livskursen til Hamnøy, og til det som i dag er bistandsorganisasjonen NSP Aid. 

Den 1. januar 2024 gjekk Hamnøy av som dagleg leiar i NSP Aid etter å har vore med å starte opp organisasjonen for over 15 år sidan. I eit lengre intervju på Radio Sunnmøre fortel han om heile reisa, og om turen til Afrika som fyrst gjorde ei livsendring for Hamnøy.

Han fortel også at han no har fått ein alvorleg sjukdom i sine pensjonistdagar, men at han likevel vil halde fram frivilleg i NSP Aid så godt han klarer. Hamnøy ser tilbake på åra i organisasjonen og på alle dei tusen han har fått hjelpe som ei stor velsigning.

Høyr heile intervjuet med Gunnar Hamnøy på Radio Sunnmøre.