I heile desember har Mattias Grimstad (21) ein annleis adventskalender. Han har oppretta ein spleis for Hjartevarmeaksjonen i Ulstein og har som mål å springe kvar dag i heile desember like mange kilometer som datoen viser. Grimstad ser at det blir stor forskjell frå ein kilometer 1. desember til eit par halvkilometer inn mot sjølvaste julaftan, men han held motet oppe.
Grimstad fortel at han også vil gjere nokre gode gjerningar i tillegg til å springe, men han kan ikkje røpe kva det går ut på i intervjuet. Sjølv vil han også sponse innsamlinga med ein fjerdedel av summen som kjem inn, men har sjølv satt ei øvre grense for sitt eige bidrag på 25 000 kroner.
Høyr heile intervjuet med Mattias Grimstad på Radio Sunnmøre.