Trenden har snudd for Ålesund folkehøgskule og til hausten fyllast skulen med 100 elevar. -Vi har reindyrka reiseskuleprofilen, som er unik i folkehøgskule- landskapet, fortel Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule. Elevane vel no ei fagbasert linje dei har gjennom året, og kan i løpet av skuleåret velje opp til tre ulike reiser dei kan bli med på uavhengig av linjeval.
Rektor Sæther er nøgd med haustens elevtal. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.