Eit brennande engasjement og ivrige sjeler, fleire kilo mjøl og sukker blanda med ni direktesendte radiotimer, det utgjorde årets digitale radiomesse på Radio Sunnmøre fredag 29. oktober. Og resultatet vart på heile 207 000 kroner.

-Dette er heilt ubeskriveleg fantastisk, og vi er så takksame og rørt over engasjementet våre lyttarar har for radioarbeidet. Det er merkbart at lyttarane set pris på det denne vesle lokalradioen på Sunnmøre leverer, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

I ni direktesendte timar fredag var det fleire gjestar innom studio. I tillegg var det ope utsal i studio der ein kunne få handla lefser, ambrosiusbrød, aniskringler, havrekjeks og mykje anna godt som fleire frivillege har laga gjennom fleire dagsverk. 500 lefser og nokre hundre kringler, brød og havrekjeks reiste raskt. I tillegg så vart alle som var med å støtta Radio Sunnmøre denne dagen med i ei trekning av flotte gevinstar, og dei heldige vinnarane vart:

Tova votter verdi. kr. 250 – Magnus Årseth

Tova votter verdi. kr. 250 -Marte Pauline Fylkesnes

Tova votter verdi. kr. 250 – Elin Kilvik Skeide

Kake frå Myrstad Mathus – Helga Myhre Sakseid

Strikka lestar og støypt lysestake – Anne Sofie Reitan

1,5 kg kaffe frå Eurospar Moa – Eli Anne Giskegjerde

Krus 4 stk – Hilde Gjengedal

1,5 kg kaffe Eurospar Moa– Synnøve Ulvestad

Kakefat – Sissel Stokset

1,5 kg kaffe Staples– Kari Hilde Sæther Austnes

Potetball middag for 2 frå Eurospar Blindheim- Aud Toril Einang Tafjord

1,5 kg kaffe frå Staples-Linda Mariana Lindahl

Dobbelt vaffelhjarn – Jorunn Mulelid Hellevik

Klespakke frå Randi Hmare verdi kr.1000 – Kjell Runar Stige

Høgtalar frå Radio Sunnmøre verdi kr. 650- Berit Thorsen

Gåvekort marsipankake frå Baker Walderhaug verdi kr 650 – Helge Juliebø

Lammeskinn villsau verdi kr. 1200 -Kåre Bjørdal

Gitar Cataluna frå Musikktorget verdi kr 1450- Oddrun Ruth Tomren

Tupperware småbokser – Anne Grethe Nes Djupvik

Tupperware slikkepotter – Kristian Røssevold

Tupperware slikkepotter – Liv Margaret Kjevik

5 sekker blandingsved – Annlaug Eva Walderhaug

5 sekker blandingsved – Bernard Roald Brynestad

5 sekker blandingsved – Agate Karin Kjelstadli Sæter

5 sekker blandingsved – Elfrid Bergljot Eikrem

5 sekker blandingsved – Ninni Marie Kalvø

Tusen hjarteleg takk til alle som har støtta Radio Sunnmøre si radiomesse i år:)