Fast føde er namnet på det tverrkirkelige fellesskapet som arrangerast kvar fjortande dag på Hareid. Det var i 2018 at saknet etter møter i nærområdet vart for stort, og eit styre etterkvart vart oppretta for tverrkirkelige samlingar. I haust er det satt opp faste møter som skal bli halde på Bigset bedehus, Hjørungavåg bedehus og Brandal grendahus. Møta har talarar frå dei ulike forsamlingane deltakarane er knytta til.

– Vi ynskjer ein møteplass der vi kan møte kvarandre og bygge kvarandre opp, fortel Randi Fikkan. På Hareid er det lite store forsamlingar og dermed kom behovet for å møtast. I 2018 starta det med husmøter og etterkvart som det vart ein god gjeng flytta ein over til Brandal grendahus. Fyrste samlinga i haust blir på Hjørungavåg bedehus tysdag 20. august.