I helga fekk Irene Krokeide Alnes hedersmedalje for lang og tru teneste i Indremisjonsforbundet, for heile 48 år i organisasjonen. Både Irene, Marit Stokken Berland og Roald Evensen fekk tildelt hedersmedalje.

-Medaljen vil eg i all offentlegheit dele med min mann Leifen, med son min Jan-Oskar, med alle forbederane som har brukt timesvis i bøn og med leiarane mine som såg kallet og som har pushet oss rette vegen, seier Irene. -Og ikkje minst vil eg takke Jesus for at han har vore trufast. Når eg ser tilbake på 48 år så har det ikkje vore ein flopp, det har vore ei verkelegheit. Jesus er verkeleg og kallet har vore verkeleg.

I dei 48 åra Irene har arbeidd som songevangelist, så har det ikkje alltid vore like enkelt.

-Skal kallet haldast levande må det bety smerte. Tårer og takk går ofte hand i hand for dei som har eit slikt kall. Trur ein at ein får eit lett liv så tek ein feil, men ein får eit rikt liv, fortel Irene Krokeide Alnes i eit intervju på Radio Sunnmøre.