Røde Kors Møre & Romsdal ynskjer å bidra med vald -og kriminalitets forebyggande arbeid blant born og unge på Sunnmøre. I Ålesund på Fellesverket Dragen er det oppstart for kurset for dei mellom 13-25 år søndag 6. mars.
Gjennom å øve på å kjenne att reaksjonar, følelsar og behov i konflikter med interaktive verkstadar i Gatemegling, er målet å gje ungdom mellom 13-25 år konkrete verktøy.
Karolina Hafström Tafjord, Koordinator for Gatemegling, og Ester Kalvø, koordinator i Røde Kors, har vore i studio for å fortelje meir om kurset som skal bidra til tryggare oppvekstvilkår for ungdom også i Ålesund.