Søvnmangel, algoritmer med skadeleg innhald, sjølvskading, lett tilgong til rusmiddel og planlegging av slostkampar, er noko av det unge i dag opplever på sosiale medier. Dette fortel den siste rapporten til Medietilsynet, Barn og Medier 2024, samt fleire fagpersonar Radio Sunnmøre har snakka med i serien Foreldrerolla i ei digital tid.
Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, Leiar for avsnittet etteretning og førebygging i Ålesund politi, Daniel Ludviksen, Leif Christian Tomren, faglærar/sosiallærar ved Blindheim ungdomsskole, Hanne Jarnes, helsesjukepleiar ved Blindheim ungdomsskole, Sonja Sætre, ruskonsulent i Familiestøtte Ålesund og Line Dahl Jerstad, familietereapeut ved Familievernkontoret Sunnmøre, har alle vore i studio og delt sine erfaringar om temaet. Bry deg om barnet ditt, ta deg tid til å vise interesse for det bornet held på med på sosiale medier, går igjen i dei ulike samtalane. Og barn er bar til dei blir 18 år. Ta praten med borna dine.
Høyr alle dei ulike samtalane på vår podkast på Radio Sunnmøre.