Til årets kyrkjeval blir valmoglegheitene mange, når Frimodig kirke for fyrste gong stiller med eiga liste. Frå før har Bønnelista og Åpen folkekirke eigne lister, i tillegg til ei nominasjonsliste der menighetsråda har nominert eigne personar. Frimodig kirke er eit nettverk som vart danna etter vedtaka om likekjønna vigsel i Kyrkjemøta i 2016 og 2017.
Det er fyrste gong at Frimodig kirke stiller med eiga liste og eige valprogram, og ynskjer at fleire som står på det same bibelsynet vil stille til val på denne lista. Frimodig kirke synest Åpen folkekirke får for mykje plass i kyrkjemøtet, og ynskjer med eiga liste å ta meir plass.
På nyåret skal det vere eit obligatorisk «kompetanse»-kurs i LHBTQ+ som skal køyrast for alle tilsette i Den Norske Kirke i Møre. Frimodig kirke arbeidar også for at dei som ikkje ynskjer å delta i kurset skal få sleppe det. Sverre Lied, prest i Den norske kirke og styreleiar av Frimodig kirke, oppfordrar tilsette til å vere frimodige til å takke nei til kurset, sidan kurset ikkje dekker fleire sider av temaet. I fylgje Lied er det fleire som opplever kurset som einsidig propaganda og kan lage utfordringar lokalt.
Vi har tatt ein prat med Sverre Lied, styreleiar i Frimodig Kirke, og Rikke Kopperstad, medlem i Møre Bispedømmeråd og Kyrkjemøtet, for å høyre om Frimodig Kirke og det dei no stiller med liste på for fyrste gong i Kyrkjevalet. Og vi snakkar også om kvifor dei orkar å ta denne kampen i ei kyrkje som blir meir og meir liberal.