Søndag 29. januar inviterer Radio Sunnmøre, NSP Aid, musikkteam frå Emblem bedehus og Misjonssalen, til ein allsongkveld i Misjonssalen i Myrabakken. Han er min sang og min glede er tittelen på kvelden, og på menyen står gode gamle og kjende bedehussongar. Ståle Heggset fortel i eit intervju litt om korleis denne kvelden har kome til, og om kva du vil få vere med på under arrangementet.