Den siste tida har misjonærparet Karoline Skjong Bergersen og Marius Bergersen med familie hatt besøk frå Noreg. Det er Misjonssambandet som har vore på besøk for å lage informasjonsmateriell om arbeidet. Det å få på besøk av nokon som vil ha med seg mest mogleg, på kortast mogleg tid, midt i eit hektisk kvardagsliv, kan bli hektiske dagar. Vi har tatt ein prat med Marius Bergersen for å høyre om påskefeiringa og om hektiske besøksdagar.