Erik Furnes, generalsekretær i IMF, og Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund Folkehøgskule og med i interimstyret til den nye folkehøgskulen.

Den gamle husmorskulen på Sjøholt skal no bli ein ny type folkehøgskule, med oppstart i august 2020.

Den nye folkehøgskulen skal vere ein ny type skule etter idear henta frå Danmark. Dette skal verte ein folkehøgskule med nedre aldersgrense på 16 år, per idag må ein vere 18 år gamal for å kunne gå på folkehøgskule i Noreg.

I ein prat med generalsekretær Erik Furnes, og Sven Wågen Sæther i interimstyret, får Arild Ove Halås vite meir om denne nye type folkehøgskule.