Indremisjonsforbundet (IMF) har selt 40 % av aksjane i Sjøholt Folkehøgskole AS til Havila Holding AS for 12 millioner kroner. I ei pressemelding fortel IMF at salet er gjort for å få med seg ein strategisk eigar av eigendomen på Sjøholt, og at dei saman vil betre utnyttinga av overnattingskapasiteten i tillegg til skuledrift. Havila Holding AS vil vere representert med to styremedlem i selskapet.
-Vi tenker at Havila Holding kan vere med å sikre ein betre utnyttelse av skuleanlegget vårt, spesielt på sommarhalvåret då det ikkje er skuledrift der. Og så ser vi for oss at vi kan utvikle dette ilag som eit team, fortel Gabriel Pollestad, styreleiar for IMF.
Indremisjonsforbundet fekk i 2022 eit underskot på nær 35 millioner kroner, og ein del av dette var nedskriving av verdien på heileigde Sjøholt folkehøgskule med 31,2 millioner kroner som hovedårsak til underskotet. IMF har vore på jakt etter kjøparar av eigendom til å få hastebetalt 15 millioner kroner på Sjøholt-gjelda i juni i år.
Med salet av 40 % av aksjane i Sjøholt Folkehøgskole Eiendom AS til ein sum på 12 millioner kroner hjelper dette til å innfri dei forpliktelsar IMF har til sine bankar.
-Vi vil som organisasjon mykje meir enn det økonomien tillater, så dette hjelper oss å få økonomien i balanse, seier Pollestad.
Pollestad seier at ein med dette salet vil få auka drift på sommarhalvåret, som også kan vere med å sikre at ein kan halde fram med skuledrift i skuleåret. Skuledrifta er utfordrande og ein er avhengig av nok elevar kvart år.
-Vi håpar at skuledrift i lag med sommardrift vil skape ein berekraftig økonomi for eigedomselskapet, seier Pollestad.