Johan Halsne, krinsleiar i IMF Sunnmøre.

IMF Sunnmøre ynskjer i løpet av dei to neste åra å lage ein ny strategiplan for arbeidet på Sunnmøre. I den forbindelse ynskjer dei no innspel frå folket om kva som er behov, ynskjer og mål på dei ulike stadane, i indremisjonen sitt arbeid.

-Den gjeldande strategiplanen er i ferd med å bli utdatert, og dermed ynskjer vi å starte eit arbeid med ein ny plan som skal vere klar til årsmøtet i 2020, fortel Johan Halsne, krinsleiar i IMF Sunnmøre.

I år skal Indremisjonsforbundet ha generalforsamling knytta til leiarkonferansen i november på Straume Forum utanfor Bergen. I den forbindelse ynskjer også IMF sentralt innspel frå dei ulike krinsane om arbeidet rundt om i landet. Dei innspela som kjem inn til IMF Sunnmøre, vil også vere ein del av innspela som går frå krinsen til IMF sentralt.

I løpet av dei siste dagane får medlemmar i IMF Sunnmøre ein epost eller eit brev med eit svarskjema ein ynskjer at folk tek på alvor og nyttar moglegheita til å gje ei tilbakemelding på dette skjemaet på det arbeidet som er der ein er.