NMS Møre inviterer til inspirasjonssamling onsdag 13. september med fokus på dokumentarfilmen «De utstøtte». Det blir kinoframsyning på Odeon kino etterfulgt av ei samling i kyrkjekjellaren i Spjelkavik kyrkje.  Bakgrunnen for filmen er professor Hallgeir Skretting sitt arbeid med norsk misjonshistorie på Madagaskar, der norske misjonærar har engasjert seg sterkt i arbeid for spedalske. Ove Arild Haram er med å koordinere kvelden og fortel meir i eit intervju på Radio Sunnmøre.