Onsdag 8. januar blir det jubileumssending på Radio Sunnmøre, på sjølvaste dagen 40 år etter første sending. Heile dagene får vi besøk av gjestar som har hatt ei rolle i det lokale radioarbeidet, og vi får også besøk av ordføraren i Ålesund, Håkon Strand. Are Bakke, Marit & Irene, Victor Haram, Torstein Walderhaug, Oddveig Molnes og Jon Hildre er nokon av dei som kjem innom, og i tillegg skal vi få eit atthøyr med den fyrste redaktøren og historia bak oppstarten.

Ver med i jubileumssendinga vår frå kl.0800 onsdag 8. januar 2025 på Radio Sunnmøre. Og for å få med heile dagen kan det vere lurt å stille seg inn på Radio Sunnmøre sin eigen DAB-kanal. Då søker du etter Radio Sunnmøre i displayet (om du ikkje allereie har gjort det;))