Ikveld arrangerer Frelsesarmeen i Ålesund julekonsert i Ålesund kyrkje og det er sjølvaste Lewi Bergerud som står på plakaten. Dørene opnar 1730 og Kristine Hurlen, leiar for Frelsesarmeen sin rusomsorg i Ålesund og omegn, fortel at Bergerud har ei evne til å berøre med sin musikk.

Bergerud er kjend frå programme Alle tiders sanger som går på TBN Nordic, og som NRK kjøpte eit program frå.

Frelsesarmeen i Ålesund har merka ein pågong etter folk som ynskjer å hjelpe til etter at dei gjekk ut med at det var mindre mat å få tak i til dei som verkeleg treng det. Hurlen fortel i intervjuet kva tilbod Frelsesarmeen har no i desember, og korleis dei hjelper dei som no treng ei ekstra hand.