Når Ragnhild Sofie Kopperstad Funderud fekk born fekk ho oppleve jula på ny gjennom borna sine auge. Ho fortel at ho framleis har mykje barn i seg, og at det å skape juleatmosfære er noko ho er oppteken av. For to år sidan gav ho ut songen Julelenker, ein song som skulle vere til trøyst i pandemiåret 2020. Denne songen tenker ho er like aktuell i år, og kallar songen for ein trøystesong.

Vi har tatt ein prat med Ragnhild Sofie Kopperstad Funderud om både juletradisjonar og songen Julelenker.