
– God apologetikk må ha sitt fundament i Bibelen fyrst, fortel Andreas Årikstad, lærar og teolog, som no har kome ut med ei ny bok saman med Jogeir Lianes med tittelen Hva er god apologetikk?.
Hva er god apologetikk? er tittelen på ei heilt ny bok skrive av Andreas Årikstad og Jogeir Lianes. Dei har begge skrive ei bok saman tidlegare, om skapelsen og/eller evolusjon, og no er det apologetikk som står i fokus. Apologetikk, som også blir omtalt som trusforsvar, er forklart i boka med korte og forklarande kapittel. Vi har tatt ein prat med Andreas Årikstad, lærar og teolog, om kva dei meiner er god apologetikk.