Ein travel sommar ligg bak med møter og familie, og for Irene Krokeide Alnes har bobilferie blitt ei ny oppleving. I haust skal Krokeide Alnes lage nye program for Bedehuskanalen med fokus på bøn. I kvart program blir det med ein ny gjest og eit nytt bønesvar, og programmet har fått namnet Irenes bønnekrok. Dei nye programma kjem etter planen i tv-skjermen i slutten av september. I kvardagspraten i dag fortel ho meir om desse programma og førebuinga til dei.