I anledning 200-års jubileumsåret etter Hans Nielsen Hauge sin død, har Kari-Margrete Rensel Løvgren spelt inn boka «Hans Nielsen Hauge, Guds vandringsmann» for radio. Boka er skriven av Alfred Hauge i 1947 og ho har fått godkjenning frå Hans Petter Foss i Bok & Media til å nytte teksta fritt. 

Boka har fått ein serie med 16 delar, og vi sender den på Radio Sunnmøre kvar mandag framover i morgonsendinga.

I eit intervju med Rensel Løvgren får vi høyre meir om kvifor ho gav seg ut på dette prosjektet. I etterkant av intervjuet skreiv ho fylgjande i ein epost til redaksjonen:

– Det at Hans Nielsen Hauge fekk ein kjærleik til både Gud og mennesker kom ikkje bere tiluttrykk i hans forkynning. Kjærleik til nesten betydde også å vise omsorg i det daglege. Det er noko vi ser i den store grunderverksemda han satte i gong rundt om i heile Noreg, og som vi kan sjå spor etter den dag i dag.

Høyr heile intervjuet med Kari-Margrete Rensel Løvgren.

Serien høyrer du kvar mandag mellom kl.0900-1000 på Radio Sunnmøre.