Tysdag kveld slo lynet ut FM signala på Aksla. Det gjer at det også er stille på FM frå sendaren i Longva og Tusvika, i tillegg til på Aksla. Dette har ikkje gått ut over FM-nettet i Storfjorden, Brunstad, Ørskog og Stordal, så der er vi framleis på FM å høyre i dag.
For lyttarar som ikkje får oss inn på FM i dag, så er vi altså tilgjengelege på vår eigen DAB-kanal i heile området som no er utan FM. Scan radioen din på ny for å finne Radio Sunnmøre som eigen kanal, eller søk i søkerlista på DAB. På den kanalen finn du oss heile døgnet.