Då Mirjam Ulstein (31) for ti år sidan mista far sin, starta ei personleg reise i livet hennar som for nokre veker sidan enda med at ho vart døypt på Emblem bedehus. Etter å ha funne nedskrivne bibelvers og plater med kristne songar som faren hadde, huska også Ulstein at mormora alltid sat i ein stol og ba og las i Bibelen. Dette gjorde henne nysgjerrig, og med eit bibelvers tilsendt frå mormor hamna Ulstein på ein bibelskule.

For nokre veker sidan vart Mirjam Ulstein døypt på Emblem bedehus, på same dag då hennar eigen nyfødde baby vart døypt. Det var for ti år sidan at Mirjam sjølv valde å ta i mot Jesus, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho at mykje av grunnen til at ho tok dette valet var hennar eiga mormor.

Høyr heile intervjuet med Mirjam Ulstein på Radio Sunnmøre.