I år feirer Vigra og Valderøy Misjonsallianseforeining 50 år og det skal markerast med Damenes aften mandag 24. mars på Valderøy bedehus. Songevangelist Sølvi Helen Hopland Aemmer og Liv Anna Furnes blir med under feiringa, og det blir også generalsekretær for Misjonsalliansen Heidi Sandvand Hegertun. Sistnevnte fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om det arbeidet Misjonsalliansen driv i dag, og om kor ho gler seg til å kome til Valderøya for fyrste gong. Under markeringa vil det vere fokus på å bli fadder til arbeidet, som er noko av det viktigaste inntektsgrunnlaget for organisasjonen sitt arbeid.
Misjonsalliansen er ein 124 år gamal kristen bistandsorganisasjon med fokus på dei fattigaste landa. Arbeidet deira er å redusere fattigdom og dele evangeliet, og å gje dei fattige fleire muligheter til å hjelpe seg og sin familie.
Høyr heile intervjuet med generalsekretær Heidi Sandvand Hegertun.