Planutvalget i Ålesund vedtok tysdag 4. juni einstemmig at Møre Barne -og ungdomsskule Skodje får dispensasjon til å bruke brakkebygga eitt år til, fram til 1. august 2025. Skulen får ikkje utvide med faste bygg for 200 elevar der dei er i dag og ein av grunngjevnadane var at skulen ligg ved drikkevatnet Brusdalsvatnet. Rektor ved skulen, Hilde Renate Sleveland, er nøgd med at dei får dispensasjon eitt år til og at politikarane er positive til skulen. I møtet vart det fremma eit ynskje frå ein politikar om at Ålesund kommune no måtte vere ein aktiv medspelar for å finne ny lokasjon til skulen.
Høyr heile intervjuet med rektor Hilde Renate Sleveland og kva ho vil jobbe for det neste året.