Siste helga i september var det møtehelg på Vigra bedehus med Johan Halsne, krinsleiar i ImF Sunnmøre. Det resulterte i fullt bedehus kvar kveld der møta er eit samarbeid mellom ungdomsforeininga og dei vaksne på bedehuset. Etter møta fortel Halsne at det vart bestemt å halde fram med møter veka etter, sidan dei var fleire som kjende på at det «var noko i lufta». Ordet vekkelse brukar ikkje Halsne om dette, men seier at ein bør kanskje i større grad bruke dette ordet også blant kristne.
Også den andre veka var det fullt hus på Vigra bedehus og dermed held ein fram med møter denne veka onsdag til fredag med Johan Halsne.