Nyleg vart ei heilt ny ressursside lansert av Tro & Medier, saman med Misjonssambandet, Normisjon, Ungdom i oppdrag og Indremisjonsforbundet. Nettsida har undervisningsopplegg for ungdomsleiarar som handlar om kjønn og identitet, porno, seksualitet og disippelskap.
-Vi ynskjer at kristne skal kome sterkare på bana for å formidle ei betre historie om sex enn den som blir fortalt rundt om i samfunnet, fortel Alexis Lundh i Tro & Medier.
Under Dagsnytt 18 vart Alexis Lundh i Tro & Medier mutet etter å ha fått sterk kritikk mot seg i forhold til lanseringa av den nye nettsida. Hanne Kro Sørborg avslutta debatten med kvasse argument om at den nye nettsida sitt innhald er farleg for born og unge som kjem frå sårbare og utrygge heimar. Dette fekk ikkje Lundh anledning til å svare på og reagerer sterkt på det, for målet med den nye ressursen er å undervise om ei betre historie.
Høyr heile intervjuet med Alexis Lundh.