Han gjekk nokre runder med seg sjølv og familien før han takka ja til pastorstillinga i Misjonssalen Ålesund, Geir Henning Tunheim. Han kjem i frå stillinga som Ung leiar i Misjonssambandet Region Nordvest. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han at han i mange år har gått i denne forsamlinga og kjenner den godt, men at han no må bli betre kjend med alle generasjonar og i alle livsfaser. Tunheim gler seg over denne nye jobben og du kan høyre alt i eit intervju på Radio Sunnmøre.