Den digitale kvardagen er eit sosialt faktum, men har også for mange i rolla som foreldre/føresette blitt uoversikteleg og utfordrande. Vi tek samtalen om temaet på Radio Sunnmøre i ein ny serie frå og med måndag 16. september kl. 0800 og kl. 1600 i våre sendingar.

I serien tek vi ein prat om reelle utfordringar, samt lærer meir om den digitale verda, borna vore i dag lever i. Kva apper bør ein kjenne til? Kva signal bør ein sjå etter? Korleis kan ein prate med borna våre om vanskelege tema som deling av nakenbilete og mobbing på nett?

Kven har ansvaret og kven kan ein snakke med?

I serien har vi fått med oss fagpersonar som på Sunnmøre er i kontakt med born og foreldre i ulike situasjonar. Anne Line Dahl Jerstad, familieterapeut ved Familievernkontoret Sunnmøre, Sonja Sætre, ruskonsulent ved Familiestøtte, Leif Christian Tomren, sosial – og faglærar ved Blindheim ungdomsskule, Hanne Jarnes, helsesjukepleiar ved Blindheim ungdomsskule, og Mari Velsand, direktør Medietilsynet og Daniel Ludviksen, avsnittsleiar etteretning og førebyggande, Ålesund politi.

Serien blir sendt på Radio Sunnmøre sin nye DAB-kanal (som du finn ved å søke opp Radio Sunnmøre på DAB) eller via Radioplayer ved å søke opp Radio Sunnmøre. Måndag til fredag kl.08 og kl. 16 frå og med 16. september. Kvar fredag slepp vi ei ny episode i vår podkast – Radio Sunnmøre.