I haust vart Støperiet i Ålesund etablert i Ålesund Frikirke. Dette er ei forsamling for unge vaksne på fredagskveldar. Joakim Solbakken, pastor i Sula Frikirke, står bak konseptet. I tillegg til fredagskveldane arrangerer han også apologetikk -kveldar ein gong i månaden. I ein prat med Joakim Solbakken får vi høyre at det har vore godt oppmøte på desse kveldane som allereie har blitt arrangert i haust, og at det er eit behov med ein samlingsplass for unge vaksne i Ålesund.