Forlagshuset Lunde har kome med nyheter og redaktør Andreas Kristiansen fortel om nokre av dei til Radio Sunnmøre. Korleis kan ein snakke om tru på ein forståeleg måte, og korleis kan ein svare på vanskelege spørsmål? Dette er noko av det Joakim Sundnes prøvar å gje svar på i boka Hva tror du på egentlig? I tillegg har Lunde gitt ut ei bok om det pastoren din vil du skal lese. Det er Christopher Ash som har skive denne, og ynskje med den er at ein ved å lese denne boka kan hjelpe kvarandre til å bli ei betre forsamling og ein betre kristen. Kristiansen nemner også ei ny barnebok som er skrive ut frå historia om sonen som rømde heimanifrå og kom heimatt, og til slutt ei ny bok av Kurt Hjemdal.

Høyr heile intervjuet med redaktør Andreas Kristiansen.