Mandag 10. mars haldt Radio Sunnmøre eit ekstraordinært årsmøte for å endre på vedtektene til å gå meir i trå med dagens praksis. Dei største endringane gjekk på at styret no får meir ansvar i trå med at Radio Sunnmøre i dag er ei foreining. I tillegg vart det vedteke å flytte redaktørtittelen til dagleg leiar i radioen. Fram til 10. mars har tittelen ansvarleg redaktør vore krinsleiar i ImF Sunnmøre etter gamle vedtekter. Radio Sunnmøre ynskjer å fylgje Vær Varsom Plakaten §2.1 der det står at redaktøren skal opptre fritt og uavhengig ovanfor personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innflytelse på det redaksjonelle innhaldet. Redaktøren skal verne om redaksjonens produksjon av fri og uavhengig journalistikk.
I praksis har dagleg leiar i Radio Sunnmøre. Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, hatt arbeidet med denne rolla dei siste ti åra, medan krinsleiar i ImF Sunnmøre har vore ansvarleg redaktør. Frå 10. mars i år vart det vedteke at det er dagleg leiar i radioen som er redaktør for Radio Sunnmøre.