Radio Sunnmøre har fått eigen kanal på DAB frå 1. september og med det nytt sendeprogram. Vi sender no alle timar, alle dagar og heile døgnet på kanal Radio Sunnmøre på DAB på Sunnmøre. Ved å trykke på bildet finn du lenka til programmet som ligg alltid på våre heimesider radiosunnmore.no.

Noko av det som er nytt er at du no kan lytte til oss allereie frå morgonen av. Morgonsendinga startar kl.0700 med Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. På føremiddagen kl. 1000 kjem Arild Ove Halås inn med eit par misjonstimar. I desse timane tek han deg med inn i misjonsarbeidet til fleire organisasjonar knytta opp mot Sunnmøre på ein eller annan måte, eller tek ein prat med sunnmøringar som er ute på misjonsmarka i eit eller anna oppdrag. Vidare utover dagen så får du både andakter, aktuelle intervju og temaprogram, i tillegg til god og variert musikk.

TRYKK HER på bildet nedanfor for heile programmet