Orreneset Misjonssenter har ein stor plass i hjartet til styreleiar Sigurd Nybø, som i eit intervju med Radio Sunnmøre kan fortelje om jubilanten som i år er 40 år.

I 40 år har misjonssenteret på Fjellsætra blitt drive av misjonsfolket både gjennom dugnad og givarglede, og i år skal det markerast under Orrenesstemnet i august.

Styreleiar Sigurd Nybø har sjølv fått vakse opp med leirarbeidet på Orreneset og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det var der han traff sin store kjærleik. Då vart det også naturleg å feire brylluapsdagen sin på denne staden. Nybø fortel at Orreneset i dag har eit svært godt belegg gjennom heile året, og at ein må vere tidleg ute om ein vil booke misjonssenteret til eit arrangement.