Dalsfjordleiren er i gong denne veka med 60 born frå 1.-6. klasse og nær 40 leiarar/hjelparar. Det er ellevte året på rad denne leiren arrangerast på Dalsfjord skule. Det heile starta som eit tiltak då borna sine ferieveker strekte seg over ni veker og foreldre strevde med å få ferietida til å gå opp med eigen ferie. Runhild Hånes Aksnes tok saka i eigne hender, og saman med Den norske kyrkje og Søndagsskulen, i tillegg til fleire frivillege foreldre og hjelparar og fleire sponsorar, vart leiren ein realitet.

Kvar dag kjem borna på morgonen og blir henta på ettermiddagen, og dagane er fylte med varierte aktivitetar, andakter og god mat.