Norske Kokkers Landsforening feirer 70 år i år og feirar med å dele ut eit måltid til nokon som står på for andre. Torsdag 26. september, i anledning Fårikålens dag, kjem kokkane til Varmestua i Ålesund, Frelsesarmeens Rusomsorg Ålesund. Då skal dei lage eit godt måltid fårikål til brukarane og dei som ynskjer å ta turen til Varmestua denne dagen. Elisabeth Roald Nesvik fortel at alle som har anledning å ta turen denne dagen er invitert til å bli med på feiringa og fellesskapet.