Frå 1. september satsar Radio Sunnmøre med eigen DAB -kanal på Sunnmøre. Alle dagar – heile døgnet med kristen lokalradio på Sunnmøre.
Radio Sunnmøre er ein kristen lokalradio på Sunnmøre som i 2025 har halde på i 40 år. Det heile starta som ein liten nærradio i Ålesund, og til no har radioen sendt trufast 73 timar i veka på FM og DAB med Sunnmøre som dekningsområde. På DAB og FM deler Radio Sunnmøre sendeflate med Radio Newlife og Ptro(tidlegare Radio Nordvest).
Frå 1. september satsar den kristne lokalradioen også på ein eigen DAB kanal der ein vil ha eigne sendetimar alle dagar og heile døgnet.
-Vi har fått så mange tilbakemeldingar frå våre lyttarar dei siste åra om at vi bør få vår eigen kanal. Dermed så satsar vi no på dette og har laga opp ein ny sendeplan for å fylle alle timane, fortel dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Satsar lokalt
Radio Sunnmøre satsar på å vere ein lokal radio med lokalt innhald. Det vil også den nye sendeplanen spegle.
-Vi ynskjer å vere lokale i det vi gjer, men også aktuelle. I vår nye sendeplan skal vi fokusere mykje på misjon i to nye misjonstimar. Då vil vi prøve å dekke det som er av misjon i dei mange organisasjonane på Sunnmøre, og blant sunnmøringar som er utanlands og driv misjon. I tillegg vil vi halde fram med lokale andaktshaldarar og lokale innslag, held Vartdal Espelund fram.
Den kristne lokalradioen har som dekningsområde kyrkje, misjon og bistand, og det skal også spegle den nye sendeplanen. No vil ein kunne starte dagen med morgonsendinga kl.0700, og ein vil også kunne få to misjonstimar kvar føremiddag. Temaprogram, lokale andaktshaldarar, lokal musikk, og lokale innslag og intervju blir også det som vil halde fram på Radio Sunnmøre.
-Og for dei som er bekymra over at vi ikkje er på lufta der folk er vande med å høyre oss, så er vi framleis altså på FM i dei trufaste timane. Det nye er no at ein kan høyre på oss heile døgnet om ein ynskjer det på DAB ved å søke etter Radio Sunnmøre.