Vi er i innspurten av denne vekas Radiogiv og nærmer oss 135 000 kroner. Tusen takk til kvar ein givar, og til kvar ein sponsor med flotte gåver vi kan trekke iblant alle givarane.

Innsamlinga held fram til ut søndag, og det hadde vore fantastisk om vi iallfall kunne klare 200 000 kroner.

Det er mogleg å vippse og få skattefrådrag, då kan du bruke denne lenke: VIPPS MED SKATTEFRÅDRAG: Du trykker på enkeltgåve og vippen kjem fra. Eller om du vil bruke vårt vanlege vippsnummer der du slepp å legge inn personnummer, så kan du bruke VIPPS 72582. Det er også mogleg å bruke vårt kontonummer 3900.21.10311.

Alle som gir denne veka blir med i trekning av gåvekort på overnatting m/meir på Hotel Union Geiranger, Hotel Brosundet og Thon Hotel Ålesund. I tillegg har vi fått eit gåvekort på fotografering og fotoprint av Fotograf Lene CS. Vi er supertakknemlege for at vi har mulighet til å trekke desse flotte gevinstane iblant alle dokke fantastiske støttespelarar til Radio Sunnmøre. Det betyr enormt mykje.

Tusen takk for at dokke heier på Sunnmøres største kristne lokalradio!!