Røde Kors tilbyr leksehjelp på Spjelkavik ungdomsskule. Leksehjelp er eit sjeldant tilbod på ungdomsskulane rundt om i distriktet, men etter forespurnad frå skulen sjølv tok Røde Kors tak i dette. Ingrid Sperre er med som frivilleg i dette arbeidet, og Esther Kalvø er tilsett i Røde Kors. Dei fortel at tilbodet er godt motteke av ungdommen sjølv og at det no er behov for fleire frivillege som kan stille ein gong i veka.

Høyr heile intervjuet med Ingrid Sperre og Esther Kalvø.