Under årsmøtet til ImF Sunnmøre kom eigarstyret til Sjøholt Folkehøgskule med eit forslag til vedtak om å selje ein eller to leirstadar for å hjelpe dei med den store kostnadsoverskridinga skulen har kome opp i.

-Alle krinsar knytta til Indremisjonsforbundet er sjølvstendige med eigne styre og vedtaksrett til alt som skal byggjast og seljast, fortel krinsleiar i IMF Sunnmøre Johan Halsne, om forslaget. Han fortel vidare at det no blir laga ei sak til komande styremøtet, der krinsstyret må uttale seg om det og ta det vidare til årsmøtet i krinsen.

– Vi er klare til å prøve å finne kreative løysingar for å hjelpe skulen økonomisk vel i hamn, fortel Halsne i intervjuet med Radio Sunnmøre.

Leirstadene i krinsen har akkurat vore gjennom ei evaluering, der ein landa på å la dei vere som dei er vidare. Så forslaget som kom om å selje leirstadane er ikkje det fremste forslaget krinsleiaren kan tenke seg vil vere aktuelt.

-Eg kan ikkje sjå akkurat no at dette er ei aktuell problemstilling. Her skal vi ta ting i rett rekkefølgje, og med ein så stor organisasjon som Imf Sunnmøre med så mange ulike eningar vil det vere riktig å gjere kvalifiserte vurderingar til ei kvar tid, for å nå lengst ut med evangeliet. Men vi skal ikkje gjere det etter innfallsmetoden, men i ein skikkeleg grundig prosess. Dette er eit av forslaga som kom opp, men ikkje det lettaste å gjennomføre, trur eg då, avsluttar Halsne.