Til hausten startar Sjøholt folkehøgskule med musikklinje. Skulen er ein av to i landet som har opning for at elevar kan starte på folkehøgskulen rett etter ungdomsskulen. Det kan vere fleire grunnar til at nokon ikkje vil gå meir skule etter ungdomsskulen eller vidaregåande, og då kan eit annleis år med gode dagrytmer gjere ein forskjell. Assisterande rektor, Ruben Lie Monsen, fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at dei ynskjer meir enn gjerne fleire elevar til hausten og satsar friskt med ei ny linje.