Heile 200 kilometer på rulleski skal Jarle Ekroll gå i år for å samle inn pengar til born i Ukraina. Ekroll har fått tilnamnet Skijarlen for sin skiglede året rundt. I løpet av eit par månader meinar han sjølv at han har gått dei kilometerane han har lova, og håpar at han med dette kan samle inn 20 000 kroner.

Engasjementet for borna i Ukraina ligg Ekroll på hjartet. – Eg tenker det at eg har opplevd å hatt det veldig godt. Eg har fått høyre om Jesus og aldri svelt. Og så får vi denne fæle krigen og elendigheita, anten det er i Afrika eller i Ukraina. Og då tenker eg at det minste eg kan gjere er å samle inn penger. Eg går gjerne for då får eg trim og. Det lille vi gjer her er ein liten dråpe, men det betyr mykje for dei som får reise på leir, fortel Ekroll til Radio Sunnmøre.