Stedet, aktivitetsstaden til Frelsesarmeen sitt rusomsorgsarbeid, flyttar no frå Ålesund til Spjelkavik. Erika Lynn Solli, leiar for Stedet fortel om bakgrunnen for flyttinga til Radio Sunnmøre. Stedet flyttar no til nærleiken av Moa og rutebilstasjonen. Dei ser at fleire av dei som har behov for tilbodet bur utanfor sentrum i Ålesund. I tillegg får dei no større lokale og større kjøkken med fleire moglegheiter for nye aktivitetar.
Vi har tatt ein prat med Erika Lynn Solli som fortel meir om flyttinga av Stedet, som opnar så snart flyttinga er på plass. Stedet flyttar til Spjelkavikvegen 2 og håpar å vere på plass i månadskiftet til februar.